fredag 20. mars 2009

Øystein Runde



Øystein Runde har skrevet manuset til seriene Futen og De Fire Store og tegnet serien Margarin. Seriene Bjartmann og Rundetid har han både skrevet og tegnet.


Tegneseriekurs holder han også.



Når og hvor holdt du ditt første tegneseriekurs?

Første ordentlege: Våren 2006, på Nordland Kunst- og Filmskole i Lofoten.


Kan du beskrive kort hvordan du pleier å legge opp kursene dine, og hva du synes det er viktig at deltakerne får med seg?


Teikneseriar er eit effektivt medium. Om du skal lære ein vilt framand person å skru saman eit ikea-møbel eller bygge ei legoborg, kjem ikkje instruksane i form av ei vakker novelle eller ein liten video. Dei kjem som teikneserie. I tillegg er det alltid fint når studentane oppdagar at dei kan lage så betre ting enn dei trudde.


På kurs har eg tre mål:


1. Hjelpe deltakarane å finne noko dei vil formidle (og alle har noko å gi, SPESIELT dei som trur dei er heilt vanlege og ikkje har noko unikt å bidra med, dei er ofte mest interessante)


2. Lære dei å formidle ei historie visuelt - sjølv om dei ikkje kan teikne. Eg har gitt ut fleire teikneseriebøker, nokre av dei er forseggjorte, eg har streva for å imponere, andre har vore rett og slett fyrstikkmenn. Dette har lært meg at fyrstikkmenn funkar. Dette er ein grunn til optimisme for alle som IKKJE er interesserte i å bruke årevis på å perfeksjonere muskelfeste, ledd og trepunktsperspektiv. Handverk er svært viktig ... men teiknehandverket er eit eige tema, og så spesifikt at eg berre jobbar med det om studentane sin stil åpenbart ber om det. Mine kurs handlar om teikneseriehandverket, om ikkje anna er nevnt.


3. Lære å bygge opp historia (og dermed karakterane - eller omvendt). Det vil seie fantasiøvingar, idémyldring, skrivetips, karakterutvikling. Ein del studentar har teke dette som eit reint skrivekurs, og kost seg med det.


Kan du nevne noen steder der du har holdt kurs?


Nordland Kunst- og Filmskole (fjerde år på rad i skrivande stund). Har også holdt på Gyldendaldagene og på Deichmanske, samt på eit par vidaregåande og ungdomsskular i regi av Norsk Forfattersentrum.


Hender det at du reiser til andre deler av landet for å holde kurs, eller underviser du kun i nærmiljøet? Og hvor i landet holder du til?


Bur i Oslo, reiser overalt, følger Norsk Forfattersentrum sine takster.


Er det mer du vil legge til?


Held kurs på Rosenvilde Videregående. Eventuelt interesserte kan finne meg via Norsk Forfattersentrum.


Hjemmesiden til Øystein.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.