tirsdag 27. januar 2009

Olaf Moriarty Solstrand



Olaf Moriarty Solstrand leverer jevnlig manus til Egmonts Disney-redaksjon i København, og har hatt flere historier på trykk i Donald Duck & Co. Han er også mannen bak nettstedene Andeby Online, med nyheter og diskusjoner om alt som er av Disney-serier og Nettserier.no, der alle som vil kan legge ut sine egne tegneserier og diskutere med andre entusiaster.


En mann med mange jern i ilden, men jeg ville først og fremst høre litt om tegneseriekursene hans.


Når og hvor holdt du ditt første tegnerseriekurs?


Trondheim folkebibliotek, vinterferien 2005. Eg hadde bibliotekarpraksis i byen og arrangerte ein liten teikneseriefestival der som ein del av praksisen, og då verka det logisk å setja opp eit teikneseriekurs for ungdom som ein del av festivalen. Eg tok meg rettnok berre av manusdelen -- teiknedelen var det Arne Bye og Tomte som stod for (eigentleg skulle Mads Eriksen ha vore med, men han blei matforgifta same morgon og Arne steppa inn som ein helt på to timers varsel).


Kan du beskrive kort hvordan du pleier å legge opp kursene dine, og hva du synes det er viktig at deltakerne får med seg?


Har pleid å starte med å reflektere over kva ein teikneserie eigentleg er og kva det går an å gjera med teikneseriar -- noko det ikkje eigentleg finst gode fasitsvar på, men som eg føler at det er greitt å ha diskutert og ha som grunnlag før ein går vidare. Deretter går eg inn på dei viktigaste triksa i arbeid med teikneseriemanus -- både generelle punkt om når ein starter nye seriar (som kva ein bør tenkja på når ein lager eit persongalleri), og meir spesifikt om korleis *eg* går fram for å skrive teikneseriemanus (sjølv om eg alltid understreker at når ein lager sine eigne seriar, treng ein ikkje alltid å jobbe like omfattande og detaljstyrt som eg gjer når eg skriver Donald, ettersom det er ei heilt anna verd å jobbe med sine eigne figurar utanfor eit gigasystem som Egmont). Deretter har eg pleid å overlate ordet til dei serieskaparane eg samarbeider med som fortel korleis dei går fram for å teikna seriane sine, og når all teorien er på plass avslutter vi med workshop der alle får prøve å lage sine eigne seriar, eventuelt med enkle oppgåver av typen «Lag ein teikneserie med ein tittel som sidemannen har kome på». Synest ikkje at det blir eit skikkeleg teikneseriekurs om ikkje alle dei oppmøtte får forsøke å vri hovudet litt med å lage sine eigne seriar og oppleve dei utfordringane og moglegheitene mediet byr på på kroppen.


Kan du nevne noen steder der du har holdt kurs?


Trur eg har holdt berre to kurs så langt. Det eine var på Trondheim folkebibliotek vinterferien 2005 (saman med Arne Bye og Tomte), det andre var på Tromsø bibliotek på Tegneseriens Dag i 2007 (saman med Romar Reppen-Gjelseth).


Har du sluttet å holde tegneseriekurs?


Eg held ikkje kurs på jamnleg basis, men det blir litt feil å seie at eg har «slutta», for eg har eigentleg ikkje «begynt». Eg har så langt berre haldt kurs ved spesielle anledningar som Tegneseriens dag, når det har vore behov for at eg har steppa inn og organisert noko. Eg har med andre ord enno ikkje byrja for fullt å marknadsføre meg sjølv som kurshaldar. Det er det to grunnar til: Eg er ikkje heilt komfortabel med min eigen teiknestil, noko som medfører at eg foretrekker å samarbeide med andre teiknarar om å gjennomføre kurs, og då blir det eit langt meir stressande tiltak å organisere. Dessutan er eg fulltidsstudent og har fjorten deltidsjobbar ved sidan av (iallfall virker det sånn), og då verker det vanskeleg å finne tid til å arrangere kurs ved sidan av. Eg har lyst til å arrangere fleire kurs i framtida, men det verker mest realistisk å utsetja dette til sumaren/hausten når eg er ferdig med masteroppgåva.


Underviser du kun i nærmiljøet eller reiser du også til andre deler av landet? Og hvor holder du til?


Eg held til i Tromsø. Dersom folk har interesse av å bruke meg som kurshaldar, kan eg godt reise litt, men det har ikkje vore eit aktuelt spørsmål så langt -- ettersom eg ikkje har etablert meg som kurshaldar, har eg aldri fått forespørslar om det.


Har du planer om å holde kurs eller foredrag igjen snart?


Har ingen konkrete planer om kurs i tida framover, men eg håper å ha ein plan klar så eg kan tilby teikneseriekurs i Tromsø og omegn i løpet av 2009. Har òg ein bisarr fantasi om å prøve å få arrangert eit teikneseriekurs på nettet ein dag, men der er det veldig mykje igjen å planleggja kva gjeld praktisk gjennomføring.


Når det gjeld foredrag, har eg levert ein paper til konferansen Academic Perspectives on Comics, Manga, and Graphic Novels as Intercultural and Intermedial Phenomena som arrangerast på og av Universitetet i Växjö 16.-18. april -- eg veit framleis ikkje om eg får presentere foredraget mitt på denne konferansen (eg får vite det i løpet av denne veka), men om det blir aktuelt handler foredraget om dei sosiale og kulturelle dimensjonane ved teikneseriar på nettet.


Masteroppgåva mi handler om same tema, og den skal presenterast i Tromsø ein gong i mai eller juni -- eg er ikkje heilt sikker på om det er eit opent arrangement, men dersom det blir det vil eg sjølvsagt oppfordre teikneserieinteresserte til å stikke innom.


Er det mer du vil legge til?


Eg benytter denne anledninga til grov snikreklame og nevner at det i mine auge er eit viktig supplement til å gå på teikneseriekurs at ein held fram med å lage teikneseriar og at ein viser fram seriane sine til andre og får tilbakemeldingar på dei slik at ein kan utvikle seg vidare i positiv retning òg etter at kurset er slutt. Ein fin måte å gjera dette på er å registrere seg på Nettserier.no og leggja ut seriane sine der.


Linker:


Andeby Online


Nettserier.no


Pacham - Olafs egen nettserie.


Manuskurset til Olaf.


Mailadressen til Olaf: olaf.solstrand@andebyonline.com


(Donaldforsidene: copyright Disney)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.